Vinsjan på kaia Den nye visegruppa Vår egen lille verden Langt igjen te RAH Fattigfolks lærdommer Det umulige e mulig En mann må gjørra ...
                                                                                       Fjern menyen  

Om boka  
Vinsjan på kaia  
Den nye visegruppa  
Vår egen lille verden  
Langt igjen te Royal Albert Hall  
Sangen om fattigfolks lærdommer  
Det umulige e mulig  
En mann må gjørra de’n må  
Songar  
Om JeremiA/S Bakfot  
Om Idar Lind  


Kjøp boka:  

Alle D.D.E.-songar med tekst av Idar Lind:

 

Hver gang vi møtes 2015, Bjarnes Brøndbos dag:

 

DDR-versjonar:

 

Gluntan:

 

Stakkars Askepott
(tekst Idar Lind 1973, melodi Asbjørn Solheim 1975)

Visa er knapt framført.

 
Vart smyg tonen frå slottsdøra ut
over eit utarma land
der småkårsfolk lever i armod og sut
og kurfyrsten krev sin fastsette lut
med frykta og nådelaus hand

Der tonane kjem frå, i storslottets sal
har Askepott funne sin prins
Og prinsen held kring ho der midja er smal
og kjenner at no har han gjort sitt val:
Den vakraste kvinna som fins

Dansen går lenge i kurfyrstens slott
Prinsen vert sliten og støl
Men jenta er vakker og dansar rett godt
og dreg han utpå i kvar vals og gavott
til mest han har glømt seg sjøl

Da, nett i den tettaste, heitast dans
høyrest eit lagnadstungt slag
Og Askepott spring, mest frå samling og sans
og mistar i døra sin strålande glans
i den nye og vaknande dag

I salen står prinsen no vonbroten att
Ein svikta, forlatt kavaler
Hans kjære forsvinn i den svarte natt
Da set han i ein mest avsindig skratt
og den andre forvandlinga skjer

Eit havrotna skur vert no prinsens palass
parfymen ein stankande eim
Gullet vert skrap på ein søppelplass
og silkedivanen ein gamal madrass
- Grovsmedens son går heim

 
 

                                                                                                                               

Ansvarlig for sida: idar@lind.no.